Rekordtider på halvmaraton/5419

I flott sommarver vart det sett rekordar på den korte distansen.

For 4. år på rad vart det arrangert halvmaraton og 5419 på midtfjellet. 

I år var starten flytta til den nye flotte bygget til midtfjellet, dermed var fasilitetane rundt løpet veldig bra. 

Deltakertalet i år var omlag det same som rekordåret i fjor, med 75 påmelde. 

I år var og vèret på arrangørens side. Sol og fin løpstemperatur gjorde at opplevinga for løparane var optimal. 

På den korte distansen fekk me og rekaordar på både dame- og herresida. Begge rekordhaldarane var med for fyrste gong på dette løpet, og sette standarden for løp seinare år. På herresida var det ASK og Asics-løparen Marius Garmann Sørli som kom under 19-minuttersgrensa med tida 18.57. Nora Markhus frå Oslo sette rekord på kvinnesida med tida 23.20. Begge kunne reise heim med hyggjelege 2.500,- i premiepengar. 

På den lange distansen var det "midtfjelletdronninga" Maryna Novik frå Klypetussen som igjen var fyrst over målstreken. Ho har dermed vunne halvmaraton 3 av fire år. I år vart tida rett over 1 time og 30 minutt (1.30.51). 

På herresida fekk me stifte bekjentskap med Stian Vestbø frå Haugesund IL-friidrett. Løparen klokka seg inn på imponerande 1.19.27, noko som ikkje er langt unna rekorden frå i fjor. 

For resulttatliste, klikk her: https://live.eqtiming.com/48516#result:180274-8-0-1-1-

Eller her for å sjå historikk

                                Vinnarar dameklassen 5419    

                                            Vinnarar yngre junior damer 5419            

 

Grasrot fra Norsk Tipping

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift