Klar for ny o-sesong

Onsdag 8. mars inviterer o-gruppa til nybyrjarkurs i kultur- og idrettsbygget. Det vert òg jobba med å få på plass nye stolpar til stolpejakta og turorienteringspostar ut i terrenget.

Det går raskt mot vår, og planane for ein ny og aktiv o-sesong ligg klare. Oppstart blir allereie kommande onsdag, med teorikveld for nybyrjarar og andre som vil friska opp kunnskapen om kart og kompass. Onsdagen etterpå blir det praksis frå ballbingen i Rossneset, der o-gruppa og friidrettsgruppa også inviterer til "friluftsliv for alle-dag". Her blir det enkle o-løyper og andre aktivitetar for alle. Det blir óg fyr på grillen og servering av gratis pølser og saft.

O-gruppa jobbar òg med å få på plass nye og fleire stolpar i stolpejakta, og frå 11. mars skal ein kunne hente kart gratis ved Spar i Larsenbygget og i kultur- og idrettsbygget. I år blir det 19 postar på kartet over Rossneset/sentrum og 9 postar på Kalveid/Vestbøstad. Kodane på postane kan registrerast på http://turorientering.no/fitjar/ og kvar post gir eit lodd i trekkinga av gevinstar i slutten av sesongen.

All nødvendig informasjon er samla i eit sesonghefte og på nettsidene, og i aktivitetskalenderen finn ein m.a. at det blir lokale løp kvar onsdag og Finn fram-dag v/Olstjødno søndag 23. april. Turorienteringsposen er i sal frå 25. mars,

Grasrot fra Norsk Tipping

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift