Gode resultat på vestlandsmeisterskapen i Odda

Odda O-lag arrangerte i helga vestlandsmeisterskap i orientering. Fitjar var representert med 17 løparar, og Harald Westerheim sprang raskast av alle i den eldste klassen og tok gullet i H70.

Odda 2-dagars er alltid kjekke løp i flott terreng, og i år var det i tillegg vestlandsmeisterskap. I år som i fjor brukte me minibussen, men trengte ein bil i tillegg for å få med oss alle og all bagasjen. Me leigde skihytta til Odda idrettslag på Lontjørn der me overnatta saman med Stord sine løparar og der me grilla og kosa oss utover laurdagskvelden.

I tillegg til Harald Westerheim sin gullmedalje, vart det òg siger til Jørgen Skram Isdahl i H11-12 og Kjetil Hjelle i C-Open, men dette er ikkje meisterskapsklassar. Det var òg fleire andre fornøgde fitjarbuar i det flotte fjellterrenget på Seljestad, der det vart 2. plass til både Mari Fitjar Hjelle i D11-12 og Daniel Rolfsnes i C-Open.

Søndag var det stafett, der Fitjar stilte med lag i D/H11-12, H13-16 og i mix-klassen. Dette var første stafett for mange av våre løparar, og det vart ei grei gjennomføring for dei fleste, sjølv om det ikkje vart noko topp-plassering. Nokre av løparane våre sprang individuelt løp også i dag, der m.a. Daniel Rolfsnes sprang bra og vann C-Open.

Grasrot fra Norsk Tipping

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift