Finn-fram-dag i stårlande ver

Det var stor trafikk og kø på turstien i Rossneset i dag, då nesten 200 små og store deltok på Finn-fram-dagen saman med o-gruppa, ordføraren og skulekorpset.

Gradestokken viste ikkje så mange grader, men sola skein frå nesten skyfri himmel, og haglebygene frå i går var heldigvis ikkje ein trussel. Alt låg godt til rette for ein fin søndag ute i friluft, og både o-gruppa, skulekorpset og ordførar Wenche Tislevoll var klare for Finn-fram-dag.

O-gruppa sitt samararbeid med Wenche Tislevoll starta i fjor då det var friluftslivets år, og då ordførarane vart oppfordra å arrangere ordførarens tur. Dette vart då ein del av Finn-fram-dagen i Sælevik i mai 2015, og det er kjekt at me også i år kan ha ordførarens tur som ein del av arrangementet.

Fitjar skulekorpset hadde i fjor fleire arrangement i prosjektet korps på friluftstur, og det er flott at dei også i år vil vera med å trekkja folk ut på tur - sjølv om dei ikkje får stønad frå NMF. O-gruppa er i alle fall glade for godt samarbeid om dagen i dag - og det gir ein ekstra god stemning på arrangementet.

Det vart registrert 147 namn på listene til o-gruppa ved stadion der turløypa starta, men då mangla det mange frå korpset og ein del arrangørar. Langs stien til "konsulatet" var det plassert ut 10 postar med spørsmål til både born og vaksne, og det var berre til å klyppe i rett rute på medbrakt svarskjema. Heilt nord i Rossneset var det varme pølser på grillen, kaker, saft og kaffi, og svarskjemaet vart kontrollert før alle borna fekk ein velfortent premie.

Her var det òg ei merka sprintløype med fem o-postar som ein skulle springa så fort som mogleg, og der den elektroniske o-brikken registrerte alle postar og kor lang tid løparen brukte. Dei raskaste sprang på under 40 sekund, og dei ivrigaste hadde mange rundar i denne løypa. I tillegg var det lagt ut ei kort vanleg o-løype på 700 meter der ein måtte lesa kart for å finna postane.

Då alle var på plass hadde skulekorpset ein flott konsert der dei spelte "King Size", "Pie Jesu", "Alt eg såg" og "Home of legends". Deler av korpset spelte òg ved stadion før start og på ulike stader undervegs i løypa.

O-gruppa vil takke alle som deltok på ulike måtar, og håpar at alle hadde ein fin dag sjølv om det vart litt kø på postane i løypa.

Les òg Fitjarposten sin artikkel.

Dei fleste bileta er tatt av Mette Fitjar.

Grasrot fra Norsk Tipping

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift