Populært med nattorientering

25 personar stilte opp ved ballbingen på Vestbøstad i går kveld for å finna postar i mørket.

Annan kvar onsdag heile vinteren har o-gruppa hatt tilbod om natt-løp, og det er ekstra spennande å gå på postjakt i mørket.

Deltakartalet har vore stabilt mellom 20 og 25 kvar gong uansett ver, og det har vore ganske surt nokre gonger.

Leiinga i o-gruppa jobbar no med planane for ny sesong, og legg m.a. opp til nybyrjarkurs saman med idrettsskulen 16. mars og 30. mars (onsdag før og etter påskeferien). Turorienteringa m/stolpejakt vil òg vera klar til palmehelga.

Det siste nattløpet denne vinteren blir onsdagen etter vinterferien (24. februar).

 

Grasrot fra Norsk Tipping

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift