Ein strålande Fitjardalt og familiedag

Kl.13.00 søndag 18.oktober gjekk startskotet på Fitjardalten. 60 løparar la i veg på dei 6,4 km i eit strålande flott haustvêr som ikkje var for kaldt og ikkje for varmt. Det stilte løparar til start i dei fleste klassane, som strakte seg frå 10 år til 65+.

Tekst: Aina Kristin Vestbøstad, Foto: Mohammed Alaa og Rolf-Atle Rolfsnes

Raskaste mann med ny løyperekord pålydande 20,03 blei Lars Lunde. På andre og tredje plass følgde Bjørn Tore Taranger med tida 21,13 og Arne Jordåen, 22,51. Blant damene var det Nina Aarbø Olsen som var raskast med tida 26,06, Ina Engevik  27,23 og Maria Nerhus Bjelland, 29,29. Blant dei yngste deltakarane feide Halvor Aga 10 år, inn til 28,29 og Linnea Vestbøstad 11 år, som yngste jente inn til 29,48. I målområdet var det godt med tilskodarar som sørgja for god stemning og fekk løparane til å yta siste rest dei siste metrane før målstreken.

Ny rekord blei det og i Minidalten. Her blei det nemleg deltakarrekord med 81 unge løparar. Dette er ein formidabel auke frå i fjor. Kvar og ein av borna som løp fekk ein flott medalje, og smila strålte om kapp med sola då dei kryssa målstreken. Mange av borna synst det var ekstra stas at Labb og Line blei med dei rundt i løypa.

Etter løpa kunne løparar og tilskodarar trekkje inn i idrettshallen. Her var det kiosk, åresal og stands og ein god anledning til å eta både middag, kake og kaffi i god drøs med andre. Etter premieutdelinga for Fitjardalten auka spenninga blant dei minste som venta på Ted, Apa og Elfie frå Vennebyen. Det blei eit forrykande show der ungane song med og dansa til songane dei kjenner så godt. Etter showet tok dei tre figurane seg god tid til å helsa på, og dela ut klemmar til fanskaren sin.

Arrangementet blei avslutta med trekkinga av årar, og mange flotte premiar blei delte ut. 

Ein stor takk til dugnadsgjengen som fekk arrangementet til å gå knirkefritt. Me gler oss allereie til neste år.

RESULTATLISTE FITJARDALTEN 18.10.15

GUTAR 10-12 ÅR
1 Halvor Aga  28,20
2 Marius Torbjørnsen  28,31
3 Joakim Fitjar  28,47
4 Sondre Fitjar  29,03
5 Jakob Myhre  30,34
6 Johannes Bø  31,40
7 Andreas Vestbøstad  32,06
8 Sander Aarskog  33,01
9 Ståle Vestbøstad  38,32
10 Jonas Forland  38,33
11 Kristian Vestbøstad  39,53

JENTER 10-12 ÅR
1 Maria Nerhus Bjelland Stord IL  29,29
2 Linnea Vestbøstad  29,48
3 Mathilde Kloster  48,31

GUTAR 13-15 ÅR
1 Arne Jordåen Stord IL 22,51
2 Jakob Rolfsnes  28,35
3 Daniel Rolfsnes  33,54
4 Jens Kloster  39,17

GUTAR 16-18 ÅR
1 Lars Lunde  20,03
2 Vegard Havn Stord IL 23,56
3 Vegard Aarbø  28,00

JENTER 16-18 ÅR
1 Silje Rydland  30,38

HERRER 19-34 ÅR
1 Hogne Buchvold  22,53
2 Anders Hundeide Magnussen  23,05
3 Rune Kvilhaugsvik  24,00
4 Johannes Olsen  24,41
5  Mikal Havnerås  33,07

DAMER 19-34 ÅR
1 Nina Aarbø Olsen 26,06
2 Ina Engevik  27,23
3 Johanne Lunde 28,53
4 Hanne Størksen  29,36
5 Elin Eidet  Aarskog 30,52
6 Charlotte Ayoe Levåg  31,59

HERRER 35-44 ÅR
1 Bjørn Tore Taranger Gular IL 21,13
2 Bård Inge Bø  23,24
3 Stig Helge Westerheim  24,12
4 Karl Andre Rydland  25,16
5 Tor Henning Vestbøstad 25,17
6 Roar Pedersen  25,53
7 Håkon Rydland Sæbø  26,42
8 Jan Martin Bernes  28,05
9 Dan Torbjørnsen  28,39
10 Rune Skumsnes  28,47
11 Gisle Hjelmen  29,24

DAMER 35-44 ÅR
1 Else- Marie Kristianssen  31,00
2 Eldrid Simonsen  31,40
3 Ingvild Brekke Myhre 31,45

HERRER 45-54 ÅR
1 Per Martin Furevik  24,06
2 Harald Rydland  27,09
3 Svein Aarbø  28,18
4 Gaute Aarbø  29,47
5 Karsten Vestbøstad  29,48
6 Victor Aga  33,07
7 Finn Ingvar Havnerås, 33,10
8 Hrafn Thorsteinsson  33,14

HERRER 55-64 ÅR
1 Magne Skumsnes  25,32
2 Kjell Arne Midttun Stord 26,29
3 Per Bergesen  29,10

HERRER 65+
1 Øystein Eide Eskeland  32,23

DAMER 65+
1. Harriet Tverderøy 34,55

KOMPLETT LISTE
1 20,03 Lars Lunde  G16-18
2 21,13 Bjørn Tore Taranger Gular IL H35-44
3 22,51 Arne Jordåen Stord IL G13-15
4 22,53 Hogne Buchvold  H19-34
5 23,05 Anders Hundeide Magnussen  H19-34
6 23,24 Bård Inge Bø  H35-44
7 23,56 Vegard Havn Stord IL G16-18
8 24,00 Rune Kvilhaugsvik  H19-34
9 24,06 Per Martin Furevik  H45-54
10 24,12 Stig Helge Westerheim  H35-44
11 24,41 Johannes Olsen  H19-34
12 25,16 Karl Andre Rydland  H35-44
13 25,17 Tor Henning Vestbøstad  H35-44
14 25,32 Magne Skumsnes  H55-64
15 25,53 Roar Pedersen  H35-44
16 26,06 Nina Aarbø Olsen  D19-34
17 26,29 Kjell Arne Midttun Stord H55-64
18 26,42 Håkon Rydland Sæbø  H35-44
19 27,09 Harald Rydland  H45-54
20 27,23 Ina Engevik  D19-34
21 28,00 Vegard Aarbø  G16-18
22 28,05 Jan Martin Bernes  H35-44
23 28,18 Svein Aarbø  H45-54
24 28,20 Halvor Aga  G10-12
25 28,31 Marius Torbjørnsen  G10-12
26 28,35 Jakob Rolfsnes  G13-15
27 28,39 Dan Torbjørnsen  H35-44
28 28,47 Rune Skumsnes  H35-44
29 28,47 Joakim Fitjar  G10-12
30 28,53 Johanne Lunde  D19-34
31 29,03 Sondre Fitjar  G10-12
32 29,10 Per Bergesen  H55-64
33 29,24 Gisle Hjelmen  H35-44
34 29,29 Maria Nerhus Bjelland Stord IL  J10-12
35 29,36 Hanne Størksen  D19-34
36 29,47 Gaute Aarbø  H45-54
37 29,48 Karsten Vestbøstad  H45-54
38 29,48 Linnea Vestbøstad  J10-12
39 30,34 Jakob Myhre  G10-12
40 30,38 Silje Rydland  J16-18
41 30,52 Elin Eidet Arskog  D19-34
42 31,00 Else- Marie Kristianssen  D35-44
43 31,40 Eldrid Simonsen  D35-44
44 31,40 Johannes Bø  G10-12
45 31,45 Ingvild Brekke Myhre   D35-44
46 31,59 Charlotte Ayoe Levåg  D19-34
47 32,06 Andreas Vestbøstad  G10-12
48 32,23 Øystein Eide Eskeland  H65+
49 33,01 Sander Aarskog  G10-12
50 33,07 Victor Aga  H45-54
51 33,07 Mikal Havnerås  H19-34
52 33,10 Finn Ingvar Havnerås  H45-54
53 33,14 Hrafn Thorsteinsson  H45-54
54 33,54 Daniel Rolfsnes  G13-15
55 34,55 Harriet Tverderøy  D65+
56 38,32 Ståle Vestbøstad  G10-12
57 38,33 Jonas Forland  G10-12
58 39,17 Jens Kloster  G13-15
59 39,53 Kristian Vestbøstad  G10-12
60 48,31 Mathilde Kloster  J10-12

Grasrot fra Norsk Tipping

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift