Premieutdeling og pizza

O-gruppa arrangerte onsdag klubbkveld i kultursalen med tilbakeblikk på sesongen, premieutdeling og servering av pizza.

Mellom 35 og 40 personar var samla i kultursalen til o-gruppa sin klubbkveld på onsdag. Samlinga starta med ein liten filmsnutt og ein del bilete frå aktivitetane denne sesongen. Her var m.a. bilete frå Finn fram-dagen i Sælevik der ordførarens tur var lagt inn, og der omlag 100 personar møtte opp i det flotte veret. Det var òg bilete frå ulike treningar og turen med minibuss til Odda 2-dagars i august - og ikkje minst frå den vellukka Midtfjelletdagen i september.

Deretter var det fokus på statistikk og den framleis aukande oppslutninga om ein flott familieaktivitet. Tala viser 30 deltakarar i gjennomsnitt på dei sju løpa i Fitjarkarusellen og 23 løparar i gjennomsnitt på dei ti treningsløpa denne sesongen. Begge deler er ei fin auke frå i fjor, og me ser òg at salet av turorienterings-konvoluttar har fått eit bra oppsving dette året.

I stolpejakta er det registrert omlag 60 namn på nettsida http://turorientering.no/fitjar, og Dennis H. Michelsen vart trekt ut som vinnar av ei flott hovudlykt blant dei rundt 35 personane som har funne alle dei 15 stolpane. Det vart òg trekt ut fleire småpremiar og delt ut premiar til alle som hadde 3 eller flerie løp i Fitjarkarusellen. I tillegg vart det delt ut bronse-, sølv- og gullmerke til alle borna som hadde nok poeng i turorienteringa.

Klubbkvelden vart avslutta med pizza og saft, og informasjon om at ein i november startar med trening i mørket, og legg opp til enkle løyper ulike stader annan kvar onsdag utover vinteren.

 

 

Grasrot fra Norsk Tipping

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift