Historisk fotballkamp

Torsdag 17.september vart den fyrste "offisielle" fotballkampen arrangert på nyebanen ved Sælevik skule.

Fitjar - Solid 6-11 (4-7)

Dommar: Veroica Nordbustad, publikum: omlag 50!

Målscorarar Fitjar: Jens Ragnar Helland (3), Andreas Auestad (1), Halvor Livastøl Aga (1), Eirik Torbjørnsen (1)

 

Jens Ragnar med historiens fyrste scoring på ny arena

Det var ein nysgjerrig gjeng som hadde lagt vekas heimekamp til Dåfjordens nye storstove, den nye kunstgrasbanen ved Sælevik skule. Dei lokale gutane på laget hadde tala varmt om banen i lang tid, endeleg skulle dei få heimekamp heilt "heime".

Motstandar var Solid, som stilte med solid mannskap til denne historiske kampen. Fair play helsing vart teken, og lagbilete ved midtstreken tatt. Så var kampen igong.

Og det skulle ikkje ta lang tid før det første målet kom. Etter 2 min kom Jens Ragnar Helland seg fri, og med eit tungt skot låg ballen i nettet bak ein god Solid-målmann. Dermed var historiens fyrste scoring eit faktum. Heimepublikum som talte heile 50 byrja å snakke om komfortabel heimesiger, men gutane frå Hustredalen ville det annleis. Etter halvspelt fyrsteomgong viste tavla heile 1-4 til Solid.

Etter nokre gode råd frå sidelinja skjøna fitjargutane at dei måtte brette opp armane og kom seg meir inn i kampen. Anført av ei god stamme frå Dåfjorden (Sander, Jens Ragnar, Andreas og Markus) henta dei seg inn og det stod 4-7 til pause.

Etter sidebyte svinga kampen begge vegar, og ein god Viljar i mål hindra mange gode sjansar til Solid. Men mål vart det i andre omgong og, Jens Ragnar vart heimelagets store spelar med tre mål i kampen. Og når dommar Veronica blåste av kampen enda kampen 6-11 til Solid.

Me takkar heimepublikummet for god støtte (og god kaffi), og anbefalar fleire lag til å prøve ut denne flotte banen.

 

Grasrot fra Norsk Tipping

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift