Folkefest på Midtfjellet

I går var det på ny klart for Midtfjelletdagen - eit samarbeidprosjekt mellom Midtfjellet Vindkraft og Fitjar IL, og fleire hundre deltok på ulikt vis i dei mange aktivitetane.

Tekst: Dan Torbjørnsen og Rolf-Atle Rolfsnes - Foto: Mette Fitjar

Turmarsj

2015 er friluftlivets år, og det var tydeleg å sjå på det store talet turgåarar. I underkant av 200 registrerte sin ankomst i idrettsparken, klare til ein flott tur til mølle B12. Det var mange familiar med både to og tre generasjonar som gjekk i fylgje, og dei som ville fekk og startnummer på brystet. Fleire hadde og teke turen utanbygds frå, etter gode anbefalingar frå fjoråret. Når starten gjekk klokka 11 var det eit flott skue og sjå alle som tok ut mot midtfjellet. 

I varm haustvind fekk dei ein god start ut mot Årskog, og vinden auka på etterkvart som ein kom nærare og nærare målet. Der venta Labb og Line med velfortente premiar til alle, og kafeen var no open for dei som trengte påfyll av energi. Så var det berre å kosa seg på fjellet og venta på løparane som snart skulle springe opp same trasèen.

"Møllesprinten"

Samtidig med turmarsjen var allereie mange o-løparar godt i gang med postjakt oppe i Midtfjellet. Løparar frå Os, Bergen og Haugesund hadde tatt turen til Fitjar, men det var Fitjar og Stord som stilte med flest deltakarar. I overkant av 50 løparar i alle aldrar ville prøva seg i ei av dei fem løypene som Harald Westerheim hadde lagt ut i området.

Vinnarane i dame- og herreklassen i fjor kunne ikkje delta i år, så dei to vandrepokalane skifta eigar til to løparar frå Stord. I herreklassen gjekk sigern, ikkje uventa til Kenneth Westerheim, og i dameklassen var det Arnfrid Skjæveland som var raskast i den 3 km lange løypa.

Det var fleire av o-løparane som køyrde ned til idrettsparken etter orienteringsløpet for å springa motbakkeløpet. Jarle Haugland som var nr 4 i o-løypa, fekk òg 6. beste tid i motbakkeløpet. Kristian Rykkje som vann H15-16 var 9. best opp bakkane, tett fulgt av søskenbarnet Stian. Også Marit Stalheim Grimstad og Elisabet og Håkon Rydland Sæbø var med i begge løpa.

"Først til mølla"

Idrettslaget hadde fått mange forhåndspåmeldingar, og det var store namn på lista som gav håp om raske tider opp til B12. Det var ei spent stemning ved klubbhuset der løypeprofilen vart snakka om, vinden vart diskutert og taktikkar drøfta. Ville rekorden frå i fjor bli slått? Ville det bli fleire deltakarar i år enn i fjor, og kva med vinden?

Ved start var det heile 69 stk som var kjempeklar for ei bratt utfordring. I det startskuddet gjekk var det ikkje uventa fjorårsvinnar Torstein Tengsareid som tok ut i høgt tempo. Ubekrefta målingar vil ha det til at fyrste kilometer vart tilbakelagt på 3.02, og dette bar bud om gode tider også i år. 

Det var i år heller ikkje tvil om kven som vart først til mølla. Torstein hadde full kontroll på motstandarane, spenninga var om han ville klare å setje ny rekord. Og i kraftig vind så vart han klokka inn på 19.14, som er heile 12 sek raskare enn i fjor!

I dameklassen var nivået løfta opp på eit heilt anna nivå når noregscupvinnar Eli Anne Dvergsdal stilte til start. Og ho viste korleis ein skal klyve opp dei brattaste bakkane. 23,04 er ei tid som mange skal trene godt for å slå. For dei som stod langs løypa var det mange som var imponert over kor fort og lett det går an å springe i bratte motbakkar. 

I dei yngre klassane så må ein og la seg imponera av 15 år unge Johannes Steinsbø Fylkesnes som kom inn på 23.28, som og var 4. raskaste tid opp fjellet i år. Sigurd Henriksen i den alle yngste klassen viser og at det gror godt i dei yngre rekker, 26,14 er ei flott tid når du ikkje er eldre enn 11-12 år. 

Det var og knytt spenning til kven som vart fyrste fitjarbu til mølla, i år som i fjor vart Bård Inge Bø raskaste mannlege fitjarbu, medan Nina Aarbø Olsen no kan titulera seg "raskaste fitjarkvinne" til B12. 

Arrangøren vil samstundes takka alle deltakarar som deltok, og alle frivillige som stilte opp som løypevakter og tidtakarar. 

Alle resultata finn du her:

Les òg Fitjarposten sin artikkel.

Grasrot fra Norsk Tipping

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift