Sprintløp og nybyrjarkarusell på Vestbøstad

Rundt 40 løparar stilte til start i o-løpet på nytt kart over Vestbøstad og Kalveid i ettermiddag.

Øyvind Skålevik hadde ansvaret for dei to løypene som var lagt ut med start frå ballbingen på Vestbøstad. Løypa for dei mest erfarne var 3,3 km i luftlinje, og Kenneth Westerheim, Stord sprang raskast gjennom på tida 20:25. I nybyrjarløypa på 2,0 km var det 21 deltakarar, dei fleste frå Fitjar.

O-gruppa tok det meste av synfaring og teikning av kartet i vinter for å ha eit tilbod om stolpejakt på Vestbøstad/Kalveid denne sesongen. Likevel var det nødvendig med meir nøyaktig synfaring og teikning før dette løpet. Det måtte òg ryddast vekk ein del kratt for å få løparane gjennom der ein ønska, og setjast ut gjerde-klyvarar for å få folk over gjerde og steingjerde på ein forsvarleg måte. Postar skal ut, løpet skal avviklast og postane skal inn igjen, så det er ein tidkrevjande idrett å drive for dei som er med i leiinga av gruppa. Likevel er optimismen stor, og det er kjekt å sjå at deltakarane stiller opp og er fornøgde - og dei som ikkje kunne vera med i dag, får ein ny sjanse i morgon (onsdag).

Grasrot fra Norsk Tipping

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift