Jamn G10-kamp

Det vart ein jamn fotballkamp på den våte kunstgrasbanen i dag då det eine G10-laget til Fitjar møtte Solid.

Det var opplett og greitt spelever under kampen, men det var ein våt bane som møtte gutane i ettermiddag - og det låg store dammar utanfor sidelinja som gutane måtte hoppe over for å få tak i ballen då det vart innkast.

Det vart ein underhaldande kamp med mange mål, og der laga følgde kvarandre heile vegen. Kampen enda til slutt 9-8 til heimelaget.

Det andre G10-laget spelte kamp mot Stord på Langeland i går, og tapte 10-4, men humøret var på topp likevel.

Grasrot fra Norsk Tipping

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift