Vått men flott!

Det våte veret hindra ikkje tøffe o-løparar frå å stilla på o-trening på Dalshaugane i dag.

Det regna godt då løypeleggjar køyrde til Dalhaugane i ettermiddag, og han lurte litt på om det ville komme folk på trening i det sure veret.

Postane vart lagt ut i går, og det var blitt betydeleg våtare i terrenget sidan då. Då klokka hadde passert 17.30 kom det sigande fleire bilar, og 17 personar la ut på postjakt - dei fleste i støvlar og regnkle.

Etter ca ein halv time kom smilande ungar tilbake, og kunne konstatere at det hadde vore ein kjekk tur - og det var ekstra gøy med alt vatnet. At støvlane ikkje var høge nok, vart berre gøy når dei kunne ta dei av og tømme ut alt vatnet.

Neste tysdag og onsdag inviterer me til nybyrjar-/sprintkarusell for heile Sunnhordland på Vestbøstad.

Grasrot fra Norsk Tipping

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift