Strålande Husnescup!

Ti jenter og tolv gutar, alle fødde i 2004, reiste fredag ettermiddag til Husnes for å spela cup. Dette er den fyrste overnattingscupen for spelarane. Dei fekk klasserom ved sida av kvarandre, der dei etter kvart dekka golvflatene med madrassar i alle fasongar og størrelsar.

 

Tekst: Serina Sørfonn - Foto: Rolf-Atle Rolfsnes 

Fredag spela Fitjar A lag mot TRIO, me fekk med oss kampen dei vann 0-1! Ein flott start på cupen!

Laga har spela fem kampar kvar. Jentene vann fire kampar og spela ein uavgjort, medan gutane vann tre kampar og tapte to. Laga var flinke å heie på kvarandre, dei er ein samansveisa gjeng.

Laurdag var det fotballtog til Husnes sentrum med kostyme, heiarop og «Fitjar e laget» på høgtalaren! 600 barn fordelt på 60 lag er med på denne cupen.

Frukost, lunsj og middag vart servert i eit eige mattelt for spelarane, mens anna godt var å kjøpe i kiosken eller butikkar i nærleiken.
Strålande varmt og flott vèr, og strålande glade barn har vore med på å gjort helga til ei fantastisk oppleving for alle som har vore med.

Grasrot fra Norsk Tipping

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift