Fin tur til Odda

14 o-løparar frå Fitjar fylte opp minibussen til idrettslaget og køyrde til Odda 2-dagars i helga.

Løpa hadde samlingsplass på Reinsnos, og rundt 200 løparar deltok kvar dag. Dei erfarne løparane sprang mellomdistanse laurdag og langdistanse søndag, i eit tildels tungt og krevjande terreng. Nybyrjarar og C-løparar sprang løyper på i underkant av 2 km begge dagar, og det vart eit ganske bra løpsver sjølv om det regna godt laurdag kveld og natt til søndag.

Fitjar stilte med flest løparar i C-klassar, og Jakob Rolfsnes stakk av med sigeren i C-Open laurdag, medan Dan Torbjørnsen vann same klasse søndag. Andre resultat finn du her: Laurdag - Søndag.

Odda IL si skihytte på Lontjørn var overnattingsplass, der òg nokre løparar frå Stord budde. Her vart det grilling og sosiale aktivitetar laurdagskvelden, og alle såg ut til å trivast både i hytta, på løpa og under bussturen fram og tilbake.

Grasrot fra Norsk Tipping

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift