Fotballglede på SPAR-cup

6. og 7.juni inviterte fotballgruppa til den årlege SPAR-cupen.

Like sikkert som at sommarferien nærmer seg er det at fotballgruppa arrangerer SPAR-cup tidleg juni. I år vart det ekstra spanande for arrangørane då vèrgudane ikkje heilt klarte å bestemme seg for om det skulle være sommer eller ikkje.

Dermed vart cupen flytta ned til kunstgraset, og mange dugnadstimar vart lagt ned for å leggje forholda tilrette for dei besøkjande. Stort flott kafètelt, innleigd kafèvogn og nyslåtte grasbakkar møtte små og store laurdag morgon.

Laurdag vart og cupen velsigna med godvèr, og som det kjem fram av bileta så koste både små og store seg storveis undervegs, både under kampane og mellom kampane.

Kampane bar preg av fair play, godt humør og stor innsatsvilje. Sjølv om det å vinne er kjekt var det ingen sure miner å sjå om resultatet ikkje vart som ønska. Dommarane fekk og god erfaring i løpet av helga, under kyndig rettleiing av dommaransvarleg Finn Ingvar Havnerås.

Stor takk til alle foreldre og frivillige som har stilt opp, det være seg førebuing av cupen, kakebaking, kiosksal m.m.

 

Grasrot fra Norsk Tipping

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift