Orienteringsdag for 4. klasse

På onsdag hadde 4. klasse på Rimbareid skule ein litt annleis skuledag. Dei to klassane vart delt i seks lag som skulle ut på postjakt og løysa ei rekkje med oppgåver.

O-gruppa hadde for fjerde år på rad invitert 4. klassingane på Rimbareid med på aktivitetsdagen «60 grader nord junior». Lærarane hadde delt inn klassane i seks lag, og det skulle løysast tre oppdrag i løpet av dagen – før ein kunne utnemna eit vinnarlag i målområdet ved Søre Stølen.

Gruppene starta med stjerneorientering på skuleområdet, der det òg skulle løysast oppgåver på kvar av dei seks postane. Her måtte ein tenkja raskt og svarast rett. Feil svar vart «premiert» med ventetid før ein fekk gå vidare til neste post, og etter å fullført det første oppdraget, fekk gruppene gå start for oppdrag 2 ved krysset opp mot vassverket.

Her låg nye konvoluttar med nye kart og oppdragstekst. Turen gjekk vidare på veg, sti og i terrenget. Bokstavar skulle noterast og setjast saman til løysingsord, og oppgåver skulle løysast før ein fekk gå vidare før nytt oppdrag frå bakken bak vassverket. I siste oppdrag var det nye postar, kodar og gjenstandar som skulle finnast på vegen mot Fitjarstølane. Manglande postar eller ting førte til tilleggsminutt, men alle var flinke både med postjakt og innhenting av kongler, blad og blomar.

Nokre vegval kunne vore betre, men alle kom fornøgd til mål før regnet starta. Grillane vart tent, og pølsene vart varme før vinnarlaget vart premiert med kvar sitt lite kompass – og ein kunne rusla heim eller tilbake til skulen.

Grasrot fra Norsk Tipping

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift