Finn fram-dag

2015 er friluftslivetsår, og 1. mai inviterer o-gruppa og ordførar Wenche Tislevoll til Finn fram-dag og ordførarens tur i Sælevik.

O-gruppa har lagt ut 10 turo-postar rundt Stokkavatnet, og o-gruppa og ordførarar Wenche Tislevoll inviterer store og små til å bli med på denne turen. På kvar post er det i tillegg eit spørsmål som skal svarast på, og post 6 er òg månadens post for mai og juni - der du er med i trekkinga av premie. Turen går på skogsveg og sti, men det kan vera lurt med støvlar eller fjellsko for det er nok litt vått enkelte plassar.

Det er lagt opp til start frå kl. 11.00, og me fyller først opp parkeringsplassen ved skogsvegen mot Svartasmoget. Her får ein utdelt kart og svarskjema, og kan starte rett ut på løypa rundt vatnet, før ein går i mål ved Sælevik skule. Dei som ikkje får plass til bilen ved skogsvegen, prøver me å få plass til ved skulen, og dei må då starte o-løypa der. Det blir litt lenger å gå, men alle borna som fullfører får ein fin premie når dei kjem i mål.

På skuleplassen blir det servert gratis pølse til alle, men du må ta med drikke og gjerne litt ekstra niste sjølv. Det kan òg vera lurt å ta med campingstol. På skuleplassen blir det sprintløype med tidtaking, tipping på godteriglas og andre aktivitetar. Kunstgrasanlegget er òg mogleg å bruka.

Me ønskjer heile familien velkommen til ein fin aktivitetsdag i Sælevik.

Grasrot fra Norsk Tipping

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift