God start på o-sesongen

25 personar møtte opp ved Fitjarstølane barnehage i går til den første o-treninga etter påske.

Det var fullt liv i terrenget rundt Fitjarstølane i går då o-gruppa hadde første o-trening etter påske. 25 små og store la ut på postjakt i det fine veret og det var ingen sure miner sjølv om det var både bratte bakkar og vått i terrenget.

I helga arrangerer Stord Kristornløpa på Vatna og Fitjar stiller sterkt også der. 25 personar er påmeldt til løpet på søndag, der det òg er lagt opp til felles pizzasamling saman med Stord etter løpet.

I neste veke er det første løpet i Sunnhordlandsrankinga, og Fitjar står då som arrangør. Frammøte er ved bommen på Rimbareid, og me legg opp til skytteltrafikk med minibuss oppover til start. Løparane i dei to lengste løypene blir køyrt til Olstjørn, og må gå vidare til starten ved mølle B1. Dei kortaste løypene startar på stien mot Botnavatnet, og løypene går på det nye kartet over Tveitafjell-området. Løpet er òg det første av Fitjarkarusell-løpa, og det er mogleg å springa både tysdag og onsdag frå kl. 17.30.

Grasrot fra Norsk Tipping

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift