Stolpejakta er i gang

O-gruppa satsar i år på å få enda fleire ut på stolpejakt i nærmiljøet, og har difor utvida stolpejakta til Kalveid/Vestbøstad i tillegg til Rossneset.

Med papirutgåva av Fitjarposten som kom i postkassane onsdag 4. mars var det informasjon og kart over både Rossneset og Kalveid/Vestbøstad. På Rossnes-kartet er det teikna inn 8 postar og på Kalveid/Vestbøstad er det teikna inn 7 postar. Alle postane er lett tilgjengelege, og du kan finna dei greit både til fots, på sykkel eller med rullestol eller barnevogn.

Kartet over Kalveid/Vestbøstad er heilt nytt, og kvaliteten er i heilt topp enno, men godt nok til denne aktiviteten. Utbetringar vil nok bli gjort utover i sesongen, og det er planar om å arrangere både Fitjarkarusell og andre løp der i løpet av året.

Stolpejakta er ein gratis del av turorienteringa til o-gruppa, og me oppmodar folk om å gå inn på http://turorientering.no/fitjar for å registrera seg dersom ein ikkje har brukarkonto allereie. Her kan ein registrera kodane ein finn på postane, og kan då bli med i trekkinga av gevinstar i oktober.

Den ordinære TurO-posen kan kjøpast på MX Sport frå laurdag 28. mars. Då får du kart med postar i Sælevik, Øvrebygda og på Tveitafjellet i tillegg til stolpajakta, og har du bruk for fleire stolpejakt-kart, er det berre å gå i stativet ved Spar i Larsenbygget for å henta. Karta kan òg lastast ned som pdf-filer frå turorienterings-sida, og når TurO-posen kjem i sal, kan ein òg kjøpa enkeltkart på nettsida til kr 40 pr stk, og laste dei ned som pdf.

Grasrot fra Norsk Tipping

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift