God deltaking i Fitjardalten

Fitjardalten vart i dag arrangert for 33. gong, og for første gong med start og mål ved Fitjar kultur- og idrettsbygg. Løpet samla for det meste lokale løparar, men vinnaren av herreklassen vart Anders Lunde Eide Magnussen frå Onarheim.

I greitt løpsver stilte 38 løparar opp på startstreken då leiar i Fitjar IL, Simen L. Aarskog, fyrte av startskotet for konkurranseklassane i den 6,4 km lange løypa. Like etter gjekk starten for "Minidalten", og det var ein fin gjeng med unge løparar som sprang løypa på ca 600 meter rundt Fitjar vidaregåande og Havnahuset.

Då underteikna møtte løparane i hovudløypa etter vel 3,5 km, var det ganske tett mellom fire løparar i tetpulja. Anders Lunde Eide Magnussen låg først, og såg allereie då farleg sterk ut, men John Almås, Bård Inge Bø og Rune Kvilhaugsvik var ikkje så mange meter bak.  I mål var rekkefølgja litt endra, men Anders stakk av med sigeren - 5 sekund før Bård Inge, og med Rune på ein god tredje plass.

I dameklassen var det klart ganske tidleg at Nina Aarbø Olsen skulle ta revansj over Solfrid Bø som vann motbakkeløpet "Først til mølla" tidlegare i haust - og i mål kom ho inn til tida 26.53, over tre minutt før Solfrid på andre plass. Her kom Ina Engevik inn til tredjeplassen.

På startstreken var det òg ein del unge løparar, og av dei under 16 år var det Jakob Rolfsnes (12) som var raskast, med tida 31.11. Marte Rimmereid (14) sprang på 31.40. Imponerande var det òg med Eirik Torbjørnsen (9), som sprang løypa på 32.07

Inne i foajeen i kulturhuset var det sal av betasuppe og vaflar m.m., og det var god stemning blant dei mange som deltok i løp og turmarsj - og arrangøren er godt fornøgd med auken i deltakartalet samanlikna med i fjor.

Resultatliste 
Herrer:
1 Anders Lunde Eide Magnussen 23.51
2 Bård Inge Bø   23.56
3 Rune Kvilhaugsvik 24.10
4 John Almås 25.06
5 Alexander Horneland 25.29
6 Roar Pedersen 25.39
7 Johannes Olsen 26.00
8 Karsten Vestbøstad 26.16
9 Magne Skumsnes 26.25
10 Lars Andreas Larsen 27.04
11 Anders Raunholm 27.10
12 Olav Oma 27.14
13 Harald Rydland 27.24
14 Dan Torbjørnsen 28.48
15 Rune Longfjeld Rimmerid 29.32
16 Rune Skumsnes 31.04
17 Jakob Rolfsnes 31.11
18 Per Brunjylf Bergesen 31.15
19 Steinar Vik 31.47
20 Eirik Torbjørnsen 32.07
21 Leander Reigstad 33.14
22 Jøran Reigstad 33.54
23 Marius Torbjørnsen 34.20
24 Sondre Fitjar 34.28
25 Sander Andre Aarskog 34.33
26 Hrafn Thorsteinsson 34.51
27 Dagfinn Brekke 35.31
28 Gøran Odland Brutt

Damer:
1 Nina Aarbø Olsen 26.53
2 Solfrid Sandvik Bø 30.07
3 Ina Engeveik 30.29
4 Else Marie Kristianssen 31.22
5 Marte Rimbareid 31.40
6 Silje Rydland 31.56
7 Kari Rydland 32.21
8 Oda Rydland 34.32
9 Elisabeth Moldestad 35.42
10 Stine Nilsen 43.49

Grasrot fra Norsk Tipping

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift