Sesongavslutning

Over 30 små og store var samla i kantina på Fitjar vidaregåande skule i går då o-gruppa inviterte til sesongavslutning med premiering og pizza.

Det har vore ein aktiv o-sesong lokalt, og for første gong har det vore trening eller Fitjarkarusell-løp kvar onsdag heile sesongen. Deltakartalet på Fitjarkarusellen har i gjennomsnitt vore rundt 25 personar og på litt færre treningane - og det vart delt ut over 20 statuettar til unge og lovande o-løparar i går.

Det vart òg delt ut turorienteringsmerke til over 20 personar under 15 år på sesongavslutninga, og totalt er det reguistrert 85 personar i Fitjar IL si turorientering dette året. På dei 55 postane som var fordelt på Midtfjellet, Øvrebygda, Sælevik og sentrum/Rossneset er det i gjennomsnitt litt over 39 klipp. "Stolpejakta", som òg er ein del av turorientering, har 79 registrerte deltakarar og totalt 1038 klipp på dei 15 postane - altså lit over 69 klipp i gjennomsnitt.

Statistikken for deltaking på løp utanfor Fitjar er ikkje så oppløftande, men med godt arbeid lokalt vil dette truleg bli betre på sikt - og samarbeid med andre klubbar om o-troll-leirar eller turar til større løp er òg viktig for arbeidet vidare.

Mange av dei som har vore med i år er veldig unge, og har foreldre eller andre som er med rundt løypa. Foreldra si rolle er for mange viktig heilt opp i 10-12 års alderen, men det er òg ein unik sjanse for foreldra til å gjera noko saman med borna sine.

Frå 12. november blir det "Onsdagssprint" i Rossneset annan kvar onsdag kl. 18.00. Då er det berre å ta med hovudlykt og gå ut på enkel postjakt i mørket.

Grasrot fra Norsk Tipping

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift