Spennande G12-kamp på grasbanen

7. klasse-gutane til Fitjar møtte i ettermiddag gutar frå Bremnes på grasbanen, og det vart ein underhaldande kamp med mykje bra spel av begge lag.

Fitjargutane kom best i gang, og det vart fleire farlege situasjonar mot Bremnes-målet i starten av kampen. Jonas Torvund Midtsæter scora 1-0 etter berre nokre minutt, og han stod òg for mange farlege situasjonar seinare i kampen. Bremnes utligna til 1-1 litt seinare, før Fitjar igjen tok over spelet og Mats Olsen vik la på til 2-1. Det vart òg 3-1 v/Jonas T. Midtsæter før pause.

Etter pause var det ikkje like godt spel av Fitjar, og Bremnes fekk utteljing heile tre gonger før Fitjargutane igjen skjerpa seg. Mot slutten av kampen var det igjen Fitjar som dominerte med gode pasningar og fint spel, og Jonas T. Midtsæter rakk å scora to mål til før dommaren blåste av. Både spelarar, trenar, foreldre og dei fleste andre tilskodarar var fornøgd med at kampen enda 5-4.

Grasrot fra Norsk Tipping

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift