Fitjarkarusell i sommarver

Over 30 små og store stilte til start i det 7. og siste Fitjarkarusell-løpet denne sesongen.

I det flotte og varme veret var det kjekt å springa o-løp frå kultur- og idrettsbygget i går. Det har vore ein fin o-sesong, og deltakartalet på dei 7 Fitjarkarusell-løpa har vore stabilt på rundt 25 personar. Nesten like mange har òg vore på o-trening i Rossneset dei onsdagane det ikkje har vore Fitjarkarusell.

Orientering er ein flott familieaktivitet, og det er kjekt både for foreldre og barn og gå på postjakt. Tida er ikkje alltid så viktig, men ein felles aktivitet for store og små skaper eit spesielt miljø. Det er framleis to treningar igjen frå ballbingen i Rossneset før me tar ein pause - og onsdag 15. oktober blir det avslutning med premieutdeling og pizza.

I november startar onsdagssprinten igjen annan kvar onsdag kl 18. Då kan ein ta med hovudlykt eller vanleg lommelykt og finna fleire postar i Rossneset.

Her er resultata frå løpet i går:

C-løypa - 2,2 km
Vaksne:

1. Frode Fitjar, 17.50
2. Geir Arne Isdahl, 19.39
3. Mette Fitjar, 20.01
4. Kjetil Hjelle, 21.29
5. Frode Kloster, 24.22

Barn:
1. Håvard Fitjar, 25.44
2. Halvor Aga, 27.52
3. Jørgen S. Isdahl, 27.53
D. Eline F. Hjelle, 28.26
D. Jens Ø. Kloster, 31.08

Nybyrjarløypa - 1,7 km
Mari F. Hjelle, 20.14
Dennis Michelsen, 17.34
Ellen Rolfsnes, 17.34
Jon F. Hjelle, 20.42
Sigrid S. Isdahl, 12.20
Ola F. Hjelle, 27.06
Anna F. Hjelle, 27.02
Emma F. Hjelle, 28.14
Mette Fitjar, 28.12
Sofie Bergesen, 44.40
Per Bergesen, 44.40
Mathea Skålevik, 43.39
Inger Elise Habbestad, 23.28
Even Torvund, 29.41
Jakob Rolfsnes, 15.35
Kristoffer K. Hansen, 15.35
Ingeborg Sørfonn, 38.28
Mathilde Ø. Kloster, 39.19
Hanne Rimmereid, 39.19
Eldrid Fitjar, 29.45
Håvard Fitjar, 29.45
Eline F. Hjelle, 17.27
Vidar Skålevik, deltatt
Noah Skålevik, deltatt
 

Grasrot fra Norsk Tipping

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift