Skal du på Midtfjellet på laurdag?

Er du klar for motbakkeløp, turmarsj, o-løp eller berre oppleve Midtfjellet kommande laurdag? Ta turen til fjells og bli med på den nye satsinga til Fitjar IL - i samarbeid med Midtfjellet Vindkraft. Programmet finn du her:

PROGRAM:
10.30-10.55:
Oppmøte Fitjar Idrettspark for turmarsj
11.00: Turmarsj (ca 1,5t) frå Fitjar Idrettspark til mølle B12. (Buss retur frå kl. 14.30)
11.00: Start orienteringsløp - "Møllesprinten"
11.00 og 11.30: Buss frå Fitjar kultur- og idrettsbygg til Midtfjellet B12
12.00: Oppmøte registrering motbakkeløpet "Først til mølla" v/Fitjar Idrettspark. (Beste tid kr 5.000,-)
13.00: Fellesstart "Først til mølla" frå Fitjar Idrettspark
14.30: Busser i retur frå 14.30 og utover

VED FITJARSÅTO - MØLLE B12
11.00:
Kiosk opnar ved B12 med bord og stolar. Stand Midtfjellet Vindkraft, Quiz (gåvekort kr 1.000,-), aktivitetar, utdeling effektar. Stand SpareBank 1 SR-Bank med effektar til borna.
11.00-13.00: Start orienteringsløp - "Møllesprinten"
11.30: Velkommen og informasjon
12.00-12.30: Turmarsj ankomst og utdeling av deltakarmedaljar
12.30: Song av Runar Thor Gudmundsson
12.45: Dåp av mølle B12 v/Johannes Koløen
13.20-13.50: Målgang "Først til mølla"
14.00: Premieutdeling motbakkeløp og orienteringsløp

I tilleg blir det oppvisning ved Fitjar karateklubb

Rullestolbrukarar og handikappede får køyre med eigen bil. Møt opp ved Fitjar kultur- og idrettsbygg kl 11.00 eller kontakt Ole Bergesen 941 32 310, ole@fkib.no for løyve.

Påmelding motbakkeløpet: ole@fkib.no eller tlf 959 75 150

Påmelding orientering: http://eventor.orientering.no/Events/Show/4577

Grasrot fra Norsk Tipping

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift