Vestlandsmeisterskap på Fjellstovo

Jørgen Skram Isdahl var ein av ca 270 løparar som deltok i Vestlandsmeisterskapen i orientering på Fjellstovo i dag.

Denne helga er det mykje som skjer, der både Husnescup, Puttefestival, øvingshelg for korpset og andre aktivitetar konkurrerar om å få deltakarar. Då er det ikkje så lett for ein individuell aktivitet å samle folk. Fitjar IL stilte difor berre med 4 løparar på Fjellstovo i dag, då Stord Orientering arrangerte distriktsmeisterskap for Vestlandet.

Jørgen Skram Isdahl, Jens Øien Kloster og Frode Kloster sprang alle C-løypa, men i ulike klassar. Alle kom greit igjennom den 1,8 km lange løypa. Øyvind Skålevik stilte opp i klasse H50 og hadde litt større utfordringar i ei løype på 4,7 km. Han er òg teknisk deligert for stafettane som går same plass søndag. Underteikna hadde same rolle under dagens løp, og fekk difor ikkje vera med i konkurransen.

Søndag stiller Fitjar med eit lag i Mix-klassen. 1. etappe: Ole Andre Westerheim (A), 2. etappe: Jens Øien Kloster (C) og 3. etappe: Frode Fitjar (B).

Her finn du resutata frå dagens løp.

Grasrot fra Norsk Tipping

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift