Kjekt på Ålcup

Fitjar IL hadde to påmeldte lag i Ålcup denne helga, og det var ein fin gjeng med gutar og jenter frå 8. og 9. klasse som køyrde til Bergen for å ta toget til Ål fredag ettermiddag.

Etter ein behageleg togtur, var det innkvartering på Nedre Ål skule og god kveldsmat. Deretter gjekk alle ned til eit flott opningsshow på den nye og fine Hallingdal feriepark. Her var det underhaldning med fotball-freestyler Lorenz Marius Kleven, song av ei lokal jente frå Ål og eit heidundrande trylleforsestilling med Magic Curty frå Norske Talenter.

På laurdagen skulle gutane i G13/14 spela 3 kampar og jentene i J13/14 4 kampar. Begge laga vart frakta med buss til grasbanen på Torpo, og det vart underhaldande og gode kampar i flott ver for både gutane og jentene. Gutane opna mot Smørås II og vann 5-0. Målscorarar: Daniel Skarpenes (2) og Markus Helland Tislevoll (3). Jentene opna med 6-1 siger mot Kringlebotn/Sædalen. Målscorarar: Vilde Vestbøstad (3), Ailinn Vik (1), Amalie Henriksen (1) og Malene Solli (1). Gutane fortsette med 2-0 siger over Nordrefjell. Målscorarar: Hafsteinn Runarsson og Markus Helland Tislevoll. I jentene sin andre kamp, vart det 4-0 siger mot Lier. Målscorarar: Ailinn Vik (3) og Marte Rimmereid (1). Den tredje kampen enda med 2-1 tap mot Erdal/Sandviken. Målscorar: Marte Rimmereid. Siste kamp for begge lag vart spela på kunstgras og mindre bane på Ål, der gutane spelte 1-1 mot Ål. Målscorar Hafsteinn Runarsson. Jentene vann 3-0 mot Nordsiden/Apollo, og var dermed klare for semifinale. Målscorarar: Marte Rimmereid, Malene Solli og Vilde Vestbøstad.

Etter middag med karbonader og potetstappe gjorde ungdommane seg klare for diskotek, og her vart det visst både høg lyd, mykje folk og tett luft. Det vart difor tidleg kveld og prat på romma og i gangen, før ei ny natt der alle fekk godt med søvn.

Søndagen starta med kvartfinale for gutane mot Smørås sitt førstelag, og det vart ein ganske jamn kamp med mykje jobbing og god innsats – men Smørås vann til slutt 1-0 og gjekk vidare til semifinale, medan Fitjargutane enda på ein delt 5. plass av dei 12 laga i klassen. Jentene spelte 1-1 mot Ål, men tapte på færre hjørnespark, og gjekk dermed vidare til bronsefinale. Tidspunktet for bronsefinalen var diverre for seint til å rekke toget ein hadde billettar til, og arrangøren klarte ikkje å flytta kampen fram. Det vart difor delt 3. plass på jentene frå Fitjar og Nordsiden/Apollo.

Togturen, bilturen og ferjeturen heim gjekk fort i godt selskap, og det var ein fornøgd gjeng som kom tilbake til Fitjar i 9-tida søndag kveld.

Her er nokre glimt frå helga.

Grasrot fra Norsk Tipping

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift