Månadens post

Over 70 personar har skrive namnet sitt i boka på turorienteringspost 14 dei siste to månadane, og Synnøve Rydland er trekt ut som vinnar.

Postkassen no på plass på post 25 like nedanfor mølle B12 på Midtfjellet. Her kan du skriva namnet ditt i boka heile juli og august, og vil då vera med i trekkinga av ny premie. Dersom du ikkje har kjøpt turorienteringsposen, kan du framleis gjera dette på MX-Sport eller Videoen.

Me minner òg om "Stolpejakta" i sentrum og i Rossneset. Dette er ein heilt gratis del av turorienteringa, og kartet kan du hente på stativet ved Spar eller på MX-Sport i Larsen-bygget. Du kan òg laste det ned frå http://turorientering.no/fitjar/, men då bør du helst ha ein A3-skrivar. Husk òg å registrere deg og alle postane du tar på denne nettsida - så kan du vera med i trekkinga av premiar i haust ein gong.

Grasrot fra Norsk Tipping

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift