Velkommen til Midtfjelletdagen

Planlegginga av Midtfjelletdagen 30. august er i full gong og i løpet av kort tid skal me merka traseen for motbakkeløpet "Først til mølla" - frå Idrettsparken og opp til mølle B12.

Her skal det bli skilting med kilometeranvisning. B12 er der kor Fitjarsåto er, 403 moh. Alle er velkommen til å delta på turen kl. 11:00. Her er det ingen tider, berre å spasere rolig eller i det tempo du ønskjer. Alle som vil gå opp får deltakermedalje! Dei som vil springa stiller kl. 13:00.

Løypene til orienteringsløpet "Møllesprinten" er planlagt, og innbydinga er klar. Du finn den her. Her er det fri start frå kl. 11:00, og ein kan då velja å bruka o-løp som oppvarming før ein køyrer ned igjen til motbakkeløpet kl. 13:00, eller bruka motbakkane som oppvarming, og springa o-løp etterpå.

Ellers skal vi krydra laurdagen på fjellet med masse aktivitetar, grilling, underhaldning og sjølvsagt målgong og premieutdeling på både orientering og motbakkeløp.

Dette blir ein kjempedag. Me kryssar fingrane for godt ver og masse folk til fjells!!

Grasrot fra Norsk Tipping

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift