O-Challenge

Mellomtrinnet på Rimbareid skule hadde i går aktivitetsdag i Rossneset.

Rundt 90 elevar på mellomtrinnet møtte ved ballbingen i Rossneset i går. Her vart dei delt i to grupper, der orientering var hovudaktiviteten for den eine gruppa medan resten hadde andre aktivitetar. Seinare på dagen var det motsatt.

O-gruppa hadde lagt ut 20 postar i området, og elevane vart delt i grupper på tre. Oppgåva var å finne flest mogleg postar i løpet av 45 minutt, og dei fekk 2 poeng for kvar post dei var innom. Det vart minuspoeng for kvart minutt over tida, og det vart ikkje poeng om dei tok same post fleire gonger. Ved lik poengsum, var det tida som avgjorde. Gruppa hadde med EKT-brikke som registrerte postane dei var på og kor lang tid dei hadde brukt, og det var mange ivrige elvar på postjakt.

Vinnarlaget var tre raske gutar i 7. klasse som fann alle postane på ca 33 minutt. På andre plass kom ei gruppe frå 6. klasse.

Grasrot fra Norsk Tipping

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift