60 grader nord junior

Torsdag 5. juni inviterte o-gruppa 4. klasse på Rimabreid skule til aktivitetsdag.

36 elevar i 4. klasse stilte på skulen til vanleg tid på torsdag for å vera med på 60 garder nord junior, der dei i løpet av dagen skulle løyse ulike oppdrag som o-gruppa hadde førebudd. Elevane vart delt i seks grupper med kvar sin vaksenleiar som starta med stjerneorientering og oppgåver rundt skuleområdet. Kvart feil svar på dei 3 spørsmåla på kvar post førte til straffeminutt før ein fekk gå vidare, og eit siste spørsmål avgjorde vegen vidare til starten på oppdrag 2.

I oppdrag 2 skulle det finnast seks nye postar og bokstavar som skulle setjast saman til eit løysingsord. I tillegg var det spørsmål om kartteikn som måtte vera rette for at ein ikkje skulle få nye straffeminutt.

Oppdrag 3 var åtte nye postar og ei oppgåve som gjekk ut på å finna ting i naturen undervegs. Her vart det fleire tilleggs-minutt dersom laget mangla postar eller gjenstandar.

Etter ein god tur med ulike utfordringar både i skulefag, samarbeidsevne, orienteringsevne, utoldenhet m.m., var det godt med niste og tursjokolade i målområdet - før vinnarlaget vart kåra og premiar og diplomar vart delt ut.

Grasrot fra Norsk Tipping

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift