O-troll-leir på Lundastøl 29.-30. mai

Årets O troll leir gjekk av stabelen onsdag 29. og torsdag 30. mai. 21 ungar i alderen 8-13 år, møtte i strålande ver på Lundarstøl til o teknisk trening, og sosialt samver. I år var det unge O-løparar frå Stord og Fitjar som møttest.

Tekst og foto: Geir Arne Isdahl

Onsdag ettermiddag starta med forskjellige leikar for å bli kjent med kvarandre. Både «navne-leken» og «do-tikken» stod på programmet, under kyndig leiing av unge o-løparar frå Stord orientering.

Etter det var det tid for ei o-løype med 10 postar, som innehaldt forskjellige oppgåver som skulle løysast lagvis. Her måtte ein både vurdere avstandar, ta ut retningar, og finne fram til plassar utfrå kartutsnitt. Når alle laga var vel i mål, var det tid for bollar og saft for heile gjengen.

Kveldens andre aktivitet var O-bingo. Dette gjekk ut på at det var hengt ut 19 postar, der kvar post hadde eige kart. Løparane skulle så springe ut på ein og ein post, å hente bokstavar som var hengt ut. Desse skulle så leggast på brett, og det var premiering for kvar rekke i form av twist. Det vart sagt at om ein tok alle postane, hadde ein sprunge 3 km, så det var ein sliten gjeng som gjekk i hyttta for å ete kvelds i halv 9-tida på kvelden. Ifølge fleire av løparane var dette det kjekkaste dei hadde vore med på, og slik såg det også ut på innsatsen.

Me såg for oss eindel utfordringar når det gjaldt å få 21 ungar til å legge seg fint kl 22.30, men dette gjekk aldeles strålande. Alle la seg fint, og det vart stille i hytta til oppsett tid.

Torsdagen kom med like strålande ver som på onsdagen. Frukost vart inntatt etterkvart som dei unge løparane kom seg på beina, å dei gjekk rett ut i finveret etterkvart som dei hadde ete. På Lundarstøl renn det ei elv like utanfor hytta, så her var det både vassing, forsøk på bading og ikkje minst bygging av demningar som haldt ungane opptekne mens dei vaksne gjorde klart til dagens aktiviteter.

Først på programmet denne dagen stod det stjerneorientering for dei yngste som sprang nybyrjar-løype, og eit litt lengre løp for dei som sprang C-løype. Løypene var lagde av unge o-løparar frå Stord, og dette hadde dei gjort ein flott jobb med.

Når alle var vel i mål, var det tid for frukt og saft. I denne pausen la Ole Andrè Westerheim ut resten av løypene som skulle avslutte leiren. Her var det utfordringar for alle, men ikkje verre enn at dei kunne mestre det.

Mens ungane var ute i løypene, vart det fyrt i bålpanna og gjort klart for pølsegrilling. Når alle var i mål, stilte dei seg i kø, og fekk servert pølser. Ingen gjekk svoltne der ifrå, og rekorden for den mest pølseelskande laud på småimponerande 8 pølser!

Leiren vart avlutta med rydding og utvask, å det var ein fornøyd gjeng som pakka sakerne og vende nasa heimover. Dei vaksne som var med å bidrog til at dette vart eit så vellukka arrangement var Sveinung og Linda Rykkje, Marit S. Grimstad, Ole Andrè Westerheim, Geir Arne Isdahl og Victor Aga. Ein stor takk også til dei unge Stord-løparane som hadde laga løyper, og var med som assistentar og veiledarar.

På Stord sine nettsider kan du sjå fleire glimt frå leiren.

Grasrot fra Norsk Tipping

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift