Spar-cup med 60 lag

Leiar for miniavdelinga, Anne Helene Vestbøstad, fotball-foreldre og andre medhjelparar frå fotballgruppa er klare for ny fotballturnering på stadion laurdag og søndag.

Det er påmeldt til saman 60 lag til Sparcup denne helga, og laga kjem frå Stord, Solid, Trott, Selbjørn og Fitjar .

Turneringa er for 1. - 4. klasse, og dei eldste spelar kampane sine i morgon, medan dei yngste skal i aksjon på søndag. Dei første kampane blir blåst i gong kl 10 laurdag morgon, og den siste kampen er i 16-tida på søndag.

Her stiller nok mange unge og forventningsfulle spelarar som kanskje er med på sin føste fotballcup. Spennande blir det òg for dei ferske dommarane som skal i aksjon og dømma sine første kampar. Me oppmodar foreldre og andre tilskodarar om å heia både på spelarar, dommarar og arrangørane.

Det er meldt sol og flott vêr, så alt ligg til rette for flotte dagar på grasbanen for alle fotballinteresserte.

 

Grasrot fra Norsk Tipping

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift