Nok ein god kamp av G14-laget

I dag var det Bremnes 2-gutane som kom på besøk til grasbanen på Fitjar, og det vart ein spennande kamp der begge laga presterte bra.

Det tok litt tid før det først målet kom, men som så ofte før var det Daniel Skarpnes som var farleg framme og klarte å lure inn det første målet. Bremnes utlikna nokre minutt seinare, men Daniel var faleg framfor mål fleire gonger i 1. omgang og scora eit flott mål til. Han hadde òg eit stolpeskot før laga gjekk til pause på stillinga 2-1.

Etter pausen var det Fitjar som hadde eit lite overtak, og keeperen til Bremnes var litt uheldig då Markus Helland Tislevoll la på til 3-1. Då André Lønning kom inn på banen litt seinare, sikra han sigeren ved å putta inn eit mål til - og sluttresultatet vart til slutt 4-2 til dei dyktige spelarane til Wilfred Waage.

Det var fin ramme rundt kampen i det fine veret, og god stemning på tribunen der det i dag vart servert gratis kake og kaffi.

Neste søndag er det bortekamp mot Trio/Halsnøy 3.

Grasrot fra Norsk Tipping

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift