God aktivitet på kunstgraset

Det var som vanleg mange ivrige gutar og jenter på kunstgrasbanen i ettermiddag. Eitt av laga som spelte kamp var gutar 9 år.

Dei fem gutane frå Fitjar G9 grøn spelte ein jamn kamp, men fekk tøff motstand av dei litt større Stordgutane. Til pause var stillinga 4-5, og Stord vann til slutt med tre mål (7-10). Spelarane og lagleiarane var likevel godt nøgd med innsatsen, og det var fem blide gutar som stilte opp for fotografen etterpå.

 
Her ser me bak f.v. Gabriel Kannelønning, Sander S. Nordbustad og Markus Westerheim

Framme f.v. Jørgen Skram Isdahl og Halvor L. Aga.

Grasrot fra Norsk Tipping

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift