Ny storsiger til Fitjar G14

16 gutar i 7. og 8. klasse reiste til Moster i kveld for å spela fotball i det fine veret. Det vart ein underhaldande og god kamp, der gutane frå Fitjar imponerte med godt spel.

Det var ganske jamnspelt dei første minuttane, der Daniel Skarpnes putta den første ballen for Fitjar før Moster utlikna like etterpå.

Etter det vart det ikkje fleire mål for Moster, medan Fitjar og Daniel Skapnes forsatte å invadere ein etterkvart ganske frustert Moster-keeper. Daniel scora alle dei fire Fitjarmåla i førsteomgang, der 1-3 målet var spesiell klasse over, etter eit flott innlegg frå høgresida av Marius Storebø.

I andre omgang fortsatte Fitjar å presse, og Marius Storebø auka leiinga med to flotte mål, før Andre Lønning og Arild Waage avslutta med eitt mål kvar - og Fitjargutane kunne returnere med heile 9-1 siger.

Neste kamp er heime mot Bremnes allereie kommande søndag kl. 14.

Sjå òg Fitjarposten sin artikkel her.

Grasrot fra Norsk Tipping

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift