Finn fram-dag

Søndag 4. mai arrangerte orienteringsgruppa Finn fram dag ved Øvrebygda skule. Dagen kom med strålande ver, og når alle, både unge og gamle hadde komme seg avgarde i løypa, hadde me 73 namn på lista over deltakarar.

Tekst: Geir Arne Isdahl, Foto: Geir Arne Isdahl og Øyvind Skålevik

Turen gjekk i dag rundt Stemmetjødna, med start og mål ved Øvrebygda skule. Ruta gjekk delvis på sti og delvis på skogsveg rundt tjødna, og det var lagt opp til at ein gjekk innom 5 av turorienteringspostane i området. Ein gjekk også innom månadens post, der ein kunne registrere seg i boka og vere med i trekninga av ein fin premie etter at boka har lege der i mai og juni.

I tillegg var det laga til turtipp med 10 spørsmål, fordelt langs ruta, der ein måtte svare på spørsmål om natur og orienteringsspørsmål. Alle kom vel rundt, å etter målgang var det rigga til med grilling av pølser og saft på baksida av skulen.

Der var det også laga til med stjerneorientering for dei som hadde krefter igjen etter turen, og det var tydeleg at konkurranseinstinktet til eindel av dei yngste var på plass. Somme sprang løypa både 2 og 3 gonger for å forbedra tida si, i kamp mot dei andre som sprang.

Tradisjonen tru var det også laga til eit godteriglas, der alle fekk muligheten til å tippa antall smågodt i eit glas. Fasiten var 89 smågodt, å glaset vart vunne av Anne Brakedal, som tippa akkurat det.

Det var som biletet viser, godt med folk bak skulen, og alle som deltok fekk sitjeunderlag som takk for innsatsen. Det vart også delt ut gratis pølser og saft til dei som ynskte det.

Etter smila og den gode praten å dømma etter målgang, hadde dette vore eit flott arrangement. Neste Finn fram dag vert arrangert i august, og ein håpar på like godt oppmøte då.

Grasrot fra Norsk Tipping

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift