Kristornsprett og Kristornløp

O-løparar frå både Hordaland og Rogaland var i helga samla i Rødkleiv på Litlabø for å jakta etter postar. Fitjar IL stilte med 5 deltakarar laurdag og 12 på søndag.

Etter ein lang periode med finver, var det igjen duka for litt surt vestlandsver og Kristornhelg i regi av o-gruppa i Stord IL.

For dei yngste starta det med Sparebankløpet laurdag. Resten av løparane starta i 3 puljer, der første løpar i den lengste løypa løyste ut starten på startpulje 2 etter ei sløyfe på ca 2 km. Etter ei ny sløyfe på ca 2 km vart den 3. startpulja løyst ut, og førstemann i mål vart vinnar av Kristornspretten. Rundt 100 løparar deltok i dette løpet.

Omtrent dobbelt så mange deltok i Kristornløpet søndag, og Fitjar stilte her med ein flott gjeng på 12 løparar. Dei fleste fekk ein fin tur i skogen til tross for veret og sjølv om det vart nokre utfordringar med å finna fram.

Etter løpet samla dei yngste frå Stord, Solid og Fitjar seg på Leirvik skule saman med foreldre. Her vart det servert pizza og brus m.m., og det vart òg tid til ein liten quiz med godteri som premie. I tillegg vart dagens premiar delt ut.

 

 

Grasrot fra Norsk Tipping

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift