Flott Fitjarinnsats i parkløpet på Stord

Fitjar sine deltakarar kom vel ifrå parkløpet på Stord i dag. Best av dei alle denne gongen var Linnea Vestbøstad (10).

- I sur motvind, sludd og søle dundra ho gjennom den 600 meter lange løypa kjappast av alle dei 13 jamnaldrande konkurrentane!

- Anna Sandvik Bø (10) greidde med ein flott innspurt å sikre dobbeltsiger for Fitjar framfor ein liten bøling med Stord-jenter. Tori Vestbøstad med 6.-plass og Malene Halleraker gjorde også sine saker bra i denne klassen.

I guteklassane var det Joakim Malkenes Fitjar (10) som gjorde sine saker aller best. 3.-plassen kom etter at han nok ein gong viste sine fighter-eigenskapar i løpet sin siste fase. Sondre Fitjar (10) var ikkje langt bak i sitt debutløp. Det same gjaldt Sander Aarskog, Henrik Træet og Emil Sørfonn. Dei sprang same distanse som jentene.

Marius Torbjørnsen (11),Valbergets potensielle løpsfantom, var einaste Fitjar-gut mot 16 Stord-løparar i sitt heat, også over 600 m. Han viste dei fleste ryggen, og storma inn til ein glimrande 4.-plass i den harde konkurransen.

Av rekruttane, under 10 år,noterer vi oss at Kasper Fitjar (8), Ingeborg Sørfonn (7), Sondre Aarskog (7) lett suste gjennom si 300 m løype, og kan ha skumle hensikter i framtidige konkurransar!

Grasrot fra Norsk Tipping

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift